Artikler

Les mer om våre ansatte, forretningsområder, samarbeidspartnere og bedriftsnyheter.
Pil Se alle artikler

Berge & Co – Bileventyret i Sogn og Fjordane

Erling Berge, grunnlegger av Berge og Co.  Volkswagen Boble utenfor gamle lokaler i Hafstadvegen.

Berge & Co har sidan stiftelsesdagen 20.september 1954 vore eit familieeigd konsern, og med det følgjer ei lang historie. På desse snart 70 åra har verksemda ekspandert frå å selje tre bilar første året, til å skrive rundt 2.000 kontraktar i 2021. På eigedomssida har dei gått frå å leige eit lite lokale i Hafstadvegen i Førde, til å bygge fleire store anlegg sjølv i Sogn og Fjordane.
Det heile starta når importøren av Volkswagen, Harald A. Møller vurderte å starte med bilsal i Sogn og Fjordane.


Hovudbilete: Erling Berge (1922-2015). Berge & Co leigde lokaler i Hafstadvegen, eit brakkebygg frå krigens dagar. Foto: Arkiv Berge & Co

Starten på bileventyret

6. september 1954 signerer Erling Berge (1922-2015) kontrakt med Møller AS om å bli forhandlar av Volkswagen i Sogn og Fjordane. 14 dagar seinare er Berge & Co AS stifta. Med på eigarsida hadde han bror sin, Knut Berge, og svogeren Arthur Øvrebø. Frå leigde lokale hos Trygve Os i Hafstadvegen i Førde selde han tre bilar dette første året.

Firedobla sal på fire år

Frå starten av 1954 og fram til oktober 1960 var det restriksjonar på sal av bil, og ein måtte ha kjøpeløyve. Dette var det ikkje mange som fekk. Det hindra likevel ikkje Berge & Co i å selje! Dei selde bilar overalt, og salet i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord gjekk strykande.

Grunnlaget for den gode drifta var heilt klart «Bobla», men VW Pickup og varebilar gav også betydelege bidrag til gode likningstal. Berge & Co var flinke til å skaffe seg avtalar med store verksemder og handverkarar.

Då ordninga om kjøpeløyve vart oppheva 1. oktober 1960, auka biltalet i landet formidabelt – det gjorde også bilsalet hos Berge & Co. Fram til årsskiftet i 1960 hadde dei selt totalt 439 bilar. Ved nyttår fire år seinare hadde dei selt totalt 1900 bilar – ei firedobling på fire år!

Volkswagen Golf og Boble

Foto: Berge & Co/ Møller

Jamn auke og nye merkjer

I åra framover auka bilsalet jamt, med ein formidabel topp i 1969 med heile 630 selde bilar. I 1972 vart Berge & Co også forhandlar av Audi, og fekk då agenturet i Sogn og Fjordane. I 1974 kom også Volkswagen Golf, som skulle bli ein verdig konkurrent til Bobla.

Etter ein nedgang i 1970 tok bilsalet seg oppatt gjennom 70-talet. I 1977 nådde Berge også ein stor milepæl – 1008 bilar seld på eit år! Slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet følgde med seg bankkrise som skapte gjeldsslavar, høg arbeidsløyse og ein ny nedgang i bilsalet. I 1999 fekk Berge & Co einerett på sal av bilmerket Skoda i Sogn og Fjordane – og det var igjen optimisme i bilbransjen.

Fleire lokasjonar

Berge & Co har opp gjennom åra vakse seg større, og har tileigna seg fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane, i tillegg til bilforretninga i Førde. Tidlegare hadde Berge salsagentar spreidd i fylket, og avtalar med ulike verkstader med tanke på reparasjon og vedlikehald av bilane dei selde.

Det var på tide å satse på eigne anlegg utanfor Førde kommune. Først ut var etablering i Sogndal. Erling Berge hadde vore i kontakt med Hagelin om kjøp av tomt. Folk i Sogndal meinte det var uråd for Berge & Co å kjøpe tomter der – men Erling gav ikkje opp. Han fekk kjøpt tomt og same året som Bergehallen vart åpna (1972) stod anlegget klart i Sogndal. 

Berge & Co er i dag etablert med seks bilanlegg i Førde, Florø, Sogndal, Stryn, Måløy og Ørsta, og er forhandlar av nybilmerka Volkswagen, Audi og Skoda i tillegg til sal av brukte bilar.

Les også: Frydenbø kjøper Berge & Co og blir forhandlar av Volkswagen, Volkswagen Nyttekjøretøy, Audi og Škoda 


Andre generasjon tok over

I 1991 gav Erling Berge frå seg aksjane sine i selskapet, til andre generasjon i Bergefamilien. Sonen Øyvind Berge tok då over som dagleg leiar av konsernet. Med seg på eigarsida hadde han søskena sine. I år 2000 tek Øyvind også over som disponent i Berge & Co AS. Andre generasjon har drifta verksemda med gode marginar og omsetnad i mange år – med totalrenovering av nybilavdelingar og nærare 130 ansatte i selskapet. Tala for 2021 syner ein omsetnad på 651 mill. kroner.

Øyvind Berge 2016

Foto: Berge & Co. På bilete: Øyvind Berge. Etter ei omfattande utbygging og utviding av bygget i Førde, er eit stort arbeid med å skape eit komplett bilvarehus avslutta. Med dette er alle nybilavdelingane ved bilanlegga i Førde, Sogndal og Stryn totalrenoverte for å tilfredsstille dei ulike merkevarene sine nyaste standardar. 

 

I 2022 kjøper Frydenbø Berge & Co, og utvidar med dette både geografisk nedslagsfelt og merkevareportefølje. Historien til Berge & Co er flott og viktig - og den tar Frydenbø med seg vidare i drifta av selskapet, og inn i framtida.  

 

Delar av teksten er henta frå jubileumsavisa til Berge & Co. Ansvarleg utgjevar: Berge & Co AS, Førde. Tekst: Inform Media / Tore Fossen. Foto: Berge & Co, familien Berge, Inform Media. Kjelder: Personlege intervju, Berge & Co AS sine arkiv, samt NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon. Idé, produksjon og tilrettelegging: Inform Media, Førde. Opplag: 40.000. Trykk: MediaTrykk, Bergen. Distribusjon: Innstikk i Bergens Tidende.

profil

Ola Nordmann

Tittel

Frydenbø AS

eksempel@epost.no