Artikler

Les mer om våre ansatte, forretningsområder, samarbeidspartnere og bedriftsnyheter.
Pil Se alle artikler

Frydenbø kjøper Berge & Co og blir forhandlar av Volkswagen, Volkswagen Nyttekjøretøy, Audi og Škoda

fotograf Trude Brun Wilhelmsen-4028

PRESSEMELDING BERGEN/FØRDE 26. APRIL 2022 

Bilkonsernet Frydenbø Bil offentleggjer i dag kjøpet av familieselskapet Berge & Co, med forhandlarverksemd i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre. Frydenbø utvidar med dette både geografisk nedslagsfelt og merkevareportefølje.

Bilde: Arne Kjetil Møkster, konserndirektør Frydenbø Bil. Foto: Fotograf Trude Brun Wilhelmsen.

Utvidar merkevareporteføljen

- Kjøpet er eit viktig strategisk grep knytt til å utvide Frydenbø sitt geografiske nedslagsfelt og merkevareportefølje, seier konserndirektør i Frydenbø Bil, Arne Kjetil Møkster.

Frydenbø er frå før av etablert med bilsentre i Mandal, Kristiansand, Bergen, Sogndal, Førde og Sandane, og eige Polestar Space i Bergen sentrum. I tillegg til å vere ein av Norges største Volvo-forhandlarar, forhandlar Frydenbø Nissan, Renault, Dacia, BYD og Maxus. Berge & Co forhandlar Volkswagen, Volkswagen Nyttekjøretøy, Audi og Škoda frå respektive lokasjonar i Førde, Sogndal, Stryn og Ørsta, og har verkstadlokasjonar i Florø og Måløy.

- Berge & Co har gjort det svært godt i mange år og bygd opp gode relasjonar til kundar og leverandørar. Dei forhandlar sterke merkevarer, som vert assosiert med kvalitet. Volkswagen, Volkswagen Nyttekjøretøy, Audi og Škoda vil bli solide tilskot i porteføljen, som vi ser fram mot å tilby i marknaden, seier Møkster.

 

125 nye kollegaer

Berge & Co har 125 tilsette ved dei seks lokasjonane. Administrasjonen sit i Førde. Frydenbø Bil blir etter oppkjøpet ei stor verksemd med totalt 365 medarbeidarar.

- Det krev mykje kompetanse, sterk kultur og entreprenørskapsånd for å lykkast i bilbransjen – så vi ser fram til å bli enda betre kjent med organisasjonen og dei dyktige medarbeidarane i selskapet. Vi skal samarbeide om vidare utvikling av forretningsmodellen og kundeopplevingane, seier Møkster.

 

Bilbransje i endring

Bilbransjen er på full fart inn i ein ny tidsæra, der volum blir viktigare. Signala frå fabrikk og importør er at ein ønskjer færre, men større eigargrupperingar i Norge.

– Det handlar om å kjøpe eller å selje, så vi er glade for å inngå avtale med ein eigar som Frydenbø – som representerer eit verdigrunnlag og ein kultur vi kjenner oss heime i, seier eigar og dagleg leiar i Berge & Co, Øyvind Berge.  

Berge & Co har heilt frå starten av i 1954 og fram til i dag ekspandert jamt og trutt. I takt med den gode utviklinga har ein vakse både i tal avdelingar, tilsette og økonomisk utvikling. Verksemda har ekspandert i nye salsdistrikt, mellom anna gjennom oppkjøp i Stryn og Ørsta. Berge & Co har hatt ei offensiv og ekspansiv linje, og i praksis blitt så store som det er mogleg å kunne bli på eigne bein i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre.

– Den vidare veksten fabrikk og importør forventar, vil krevje store investeringar seier dagleg leiar Øyvind Berge. – Etter ei samla vurdering har vi kome til at det blir for stort og risikabelt for Berge & Co å ta dette steget åleine. Derfor har vi no valt å selje verksemda til ein aktør som har økonomiske musklar og erfaring til å sikre framtidig drift – kanskje nasjonalt på sikt, seier Berge.

Eigedomsmassen i Berge & Co inngår ikkje i handelen og utleige blir satsa vidare på gjennom eige selskap i regi av familien Berge.

Foto av Øyvind Berge_Fotograf_Roy SundeVookal

Bilde: Øyvind Berge, dagleg leiar Berge & Co. Foto: Roy Sunde/Vookal.

 

Møller er tilfredse

– Eg vil gjerne få takke Berge & Co, som gjennom generasjonar har vore ein lojal og solid samarbeidspartnar for oss i Harald A. Møller AS. Dei har serva eit stort distrikt med sterke prestasjonar både innan sal og service. Vi er veldig tilfredse med at Øyvind blir med vidare i verksemda, seier Ulf Tore Hekneby, administrerande direktør for Harald A. Møller AS.

Harald A. Møller er en del av Møller Mobility Group, det ledende bilkonsernet i Norden og Baltikum. Virksomheten ble grunnlagt av Harald Aars Møller i 1936.

– Vi er særdeles glade for at Berge & Co og merka våre no skal utviklast vidare med ein ny industriell investor som Frydenbø på laget. Dei er godt skodd for å bidra til den videre konsolideringa av nettverka våre på tvers av merka. Gjennom denne prosessen har vi fått eit tydeleg inntrykk av Frydenbø som ein verdidriven, seriøs og offensiv aktør, noko som er høgt verdsett av oss i Harald A. Møller, seier Hekneby.  

 

Blant Frydenbøs største transaksjonar

- Frydenbø har lykkast med å investere i og ta over mange familieselskap opp gjennom historia, og vi er svært glade for å bli samde med eigarane av Berge & Co. Familien Berge har bygd stein på stein over mange tiår, og har ein stolt arv som vi kan relatere oss til. Vi skal forvalte og vidareutvikle verdiane og arbeidsplassane i framtida, seier Knut Herman Gjøvaag, eigar og konsernsjef i Frydenbø Group.

fotograf Trude Brun Wilhelmsen-4010

Bilde: Knut Herman Gjøvaag, konsernsjef og eier Frydenbø Group. Foto: Fotograf Trude Brun Wilhelmsen.

Frydenbø har gjort mange investeringar i si over hundre år lange historie, og kjøpet av Berge & Co blir blant dei største så langt. Frydenbø signaliserer med dette kjøpet at dei gjer alvor av planane om å verte ein stor nasjonal aktør innan mobilitet.

Frydenbø Group er eit familieeigd investeringskonsern med verksemdene Frydenbø Bil, Frydenbø Marine, Frydenbø Industri, Frydenbø Eiendom og Frydenbø NXT AS.

Konkurransetilsynet er informert og gjennomføring er planlagt etter godkjenning.

 

Berge & Co vart etablert i 1954, og har heilt frå starten og fram til i dag vore ei familieeigd bedrift. På desse snart 70 åra har verksemda ekspandert frå å selje tre bilar første året, til å skrive rundt 2.000 kontraktar i 2021. På eigedomssida har ein gått frå å leige eit lite lokale i Hafstadvegen i Førde, til å bygge fleire store anlegg sjølv i Sogn og Fjordane der ein har etablert bilavdelingar. Berge & Co er i dag etablert med seks bilanlegg i Førde, Florø, Sogndal, Stryn, Måløy og Ørsta, og er forhandlar av nybilmerka Volkswagen, Audi og Skoda i tillegg til sal av brukte bilar. Nærare 130 personar jobbar i selskapet, og tala for 2021 syner ein omsetnad på 651 mill. kroner.

 

Frydenbø Bil er ein av Norges største forhandlarkjedar. Forutan Volvo, forhandlar Frydenbø Bilsenter Nissan, Renault, Dacia, BYD og Maxus fordelt på åtte lokasjonar frå Sandane i nord til Mandal i sør. Frydenbø er Polestar partner, samt deleigar av MyCar Group. Frydenbø Bilsenter omsette for vel 2,6 milliard* kr. i 2021 og distribuerte i overkant av 6000 biler. Frydenbø Bilsenter er industriell i forretningsmodell og skal ver den prefererte partner for bildistribusjon blant importørane. Frydenbø Bil er den største organisasjonen i Frydenbø Group, eit familieeigd konsern etablert i 1916. Frydenbø opererer innan fem forretningsområde; INDUSTRI, BIL, EIENDOM, MARINE og NXT. Konsernet har totalt 790 medarbeidarar og omsette i 2021 for kr 3,5 mrd.*. Strategiske fokusområde: kundereise, team og berekraft. Visjon: «Vi skal skape verdiar gjennom kvalitet og service i verdsklasse». Verdiar: «entusiastisk, ærleg og ansvarleg»

 

*Estimert - ikkje ferdig reviderte tall for 2021.

 

For spørsmål knytt til informasjonen over, ta kontakt med Silje Ulla-Zahl suz@frydenbo.no +47 928 35 966, kommunikasjonsdirektør i Frydenbø Group, eller direkte med:

Arne Kjetil Møkster akm@frydenbo.no +47 932 32 818, konserndirektør i Frydenbø Bil.

Øyvind Berge oyvind.berge@moller.no +47 992 05 052, dagleg leiar og eigar i Berge & Co.

Knut Herman Gjøvaag khg@frydenbo.no +47 982 60 290, konsernsjef og eigar i Frydenbø Group.

 

profil

Ola Nordmann

Tittel

Frydenbø AS

eksempel@epost.no